– Å skulle definere identiteten til ein sunnmøring kan vere både lett og vanskeleg. Svært lett – og svært vanskeleg. Det viktigaste for meg personleg, er at eg er kry over å vere sunnmøring, smiler kommentatoren og kunstnaren Roar Hagen. Som teiknar i VG gjennom fleire tiår er han kjend for å ha ein svært kvass og definerande strek. Ingen på den internasjonale arenaen går klar – når samfunnsaktøren Hagen frå Hagen nord for Ørsta sentrum set si vinkling på verda.

Kunstmålaren Hagen

Men kunstnaren Roar Hagen er truleg mindre kjend. I alle fall må teknikken mixed media vere lite sett av dei fleste. Under utstillinga i Ørsta kunsthus komande fredag får alle som vil sjå kva dette dreiar seg om.

– Kva er mixed media?

Blyantkommentar frå kårstove

– Eg hadde aldri trudd eg skulle finne på å prøve ut heilt nye teknikkar av noko slag, i alle fall ikkje etter fylte seksti.

– Men så har vi desse unge på avishuset, som velvillig har sett meg inn i denne utrulege og presise nye teknikken. Det er reint så ein blir ivrig, ler Hagen. Han har vore fleire stader på Sunnmøre for å finne motiva han no stiller ut under Dei nynorske festspela. Dei fleste har element av fjell i seg, og dei fleste har fjord eller kyst. Men alle har i seg den kjernesunnmørske identiteten og tilhøyrsla, garanterer kunstnaren.

– Og det vil seie?

Når det kjem til teikningar trår identiteten til teiknaren fram på heilt andre måtar.

– Same kva eg teiknar så trur eg at sunnmøringen lurer under, som ein avgjerande del av verdigrunnlaget og lynnet mitt.

– Tid om anna kan eg høyre stemmene frå mor og bestemor, alle kloke orda dei sa. Pluss alle andre små fyrtårn frå oppveksten heimanfrå – dei som losar deg gjennom verdivala du kvar dag må gjere – når du skal kommentere alt frå heimleg politikk til det som føregår på den globale arenaen, opplever Roar Hagen. I den gamle kårstova han har her rett over vakraste Ørstafjorden, har svært mange internasjonale og skjelsetjande politiske blyantkommentarar sett dagens lys.

Radaren sveipar konstant

– Ja, radaren går heile tida, anten ein er på jobb eller ei. Også der er iPaden suveren. Du kan sitje kvar som helst og levere. VG har hatt vit til å gje meg frie tøylar, mellom anna så eg har fått sett mykje av verda. Då blir ein kreativ. Då får ursunnmøringen i ein gode vilkår, seier Roar Hagen.

Han seier han gled seg veldig til å opne utstilling i Kunsthuset, og ikkje minst å verte utfordra verbalt om temaet identitet. Dette skjer på Kunsthuset i Ørsta torsdag ettermiddag, med Ottar Grepstad som opponent. Same kveld tek Hagen del på Målbar, der han vert utfordra av redaktør Maria Horvei om karikaturar som politisk språk, og om bilda som formar identiteten vår. Alt fredag morgon er Roar Hagen på nytt i manesjen. Då på kafe Fugl Fønix, med samrøra næringsliv og politikk som utgangspunkt.

Roar Hagen med ein identitetsskapande kystnatur på Sunnmøre, sendt til lerretet direkte frå nettbrettet. Foto: Knut Arne Aarset
Det er først og fremst som teiknar Roar Hagen er kjend. Her med ein fallande bondekarikatur på indre Sunnmøre, presentert under ei utstilling i Borgundgavlen tidleg i mai i år. Foto: Knut Arne Aarset