VG-teiknar Roar Hagen:

– Radaren går heile tida – og gjer nye funn

Festspelkunstnaren jobbar internasjonalt – men ser sunnmøringen bak kvar ein strek han teiknar.

Verktøy: Dette nettbrettet har vorte den nye kunstverktøyet til Roar Hagen når han målar landskapsbilde etter det nye teknikken mixed media. Brettet har svært finstilte funksjonar og tener som både fargetuber, pensel, paljett og staffeli. 

Kultur

– Å skulle definere identiteten til ein sunnmøring kan vere både lett og vanskeleg. Svært lett – og svært vanskeleg. Det viktigaste for meg personleg, er at eg er kry over å vere sunnmøring, smiler kommentatoren og kunstnaren Roar Hagen. Som teiknar i VG gjennom fleire tiår er han kjend for å ha ein svært kvass og definerande strek. Ingen på den internasjonale arenaen går klar – når samfunnsaktøren Hagen frå Hagen nord for Ørsta sentrum set si vinkling på verda.