Ber syklistane i Niberittet ta omsyn etter målgang

– Vi har gått til et drastisk skritt. Alle som deltek i Nibberittet må behalde startnummeret på etter målgang slik at vi kan identifisere eventuell ulovleg oppførsel.

må behalde startnummeret: Syklistar som skal delta i Nibberittet i Geiranger i dag må behalde startnummeret på også etter målgang. Det bilete er frå 2016. FOTO: WILLY FREDHEIM 

Kultur

Nibberittet
  • Start: Laurdag 9. juni klokka 12.00.
  • Eit tur- og trimritt på 21 km frå Geiranger sentrum og opp til Dalsnibba, 1500 moh.
  • Rittet er eit samarbeid mellom Eidsdal IL og Geiranger IL.
Seier Knut Arild Maråk i Geiranger IL før Nibberittet. Arrangørane har sett seg lei på at syklistar som har fullført rittet og rullar attende til Geiranger sentrum risikerer liv og lemmar ved å køyre forbi arrangementsbussar i 180-graderssvingane.

– Dei som syklar ulovleg vert diskvalifisert, seier Maråk. Som ber om at syklistane tek omsyn til busstrafikken. – Våre yrkessjåførar er frivillige som jobbar dugnad denne dagen og som kan miste sitt løyve om det vert ei ulykke, legg Maråk til.