Den store sidesalen er fylt med kostyme, symaskiner, strykebrett, foreldre som fiksar og ungdomar som skiftar.

Frå høgtalarane strøymer Disney sin smektande musikk til eventyrklassikaren «Aladdin», på scena er dansarane og songarane i full gong med dagens øving og på golvet følger leiar-trekløveret dei med argusauge.

– Nei, nei! De klumpar dykk saman på midten! Spreie dykk og bruk heile scena! ropar Reidunn Rogne Flem, som ikkje gir seg før ho har fått det som ho vil.

Saman med Linda Nogva Vedeld og Marion Høistad Bergheim har ho styrt alle dei fire Disneyførestillingene i hamn. Dei jobbar tett, med musikk, song, dans, scenografi og kostyme, men har sine ansvarsområde.

Store utgifter

Mykje står på spel, for det blir ikkje spart på innsatsen når juniorgruppa i Ungdomslaget Fram set opp sin årlege sommarførestilling.

– Første gang vi søkte Disney om rettigheitene til å sette opp ein musikal var med «Annie» i 2014. Sjølve søknadsprosessen er ikkje komplisert, du går berre inn på linken og søker om speleløyve. Men det kostar, seier leiar i UL Fram, Sigrun Rogne.

For eit depositum på 4500 kroner får dei ein «showkit», med manus på engelsk, eit sett med notehefte og cd-ar med musikken til førestillinga.

I tillegg skal Disney ha 15 prosent av billettinntektene. I fjor, på «Skjønnheten og udyret», utgjorde dette 35.000 kroner. Av dette dekte Sparebanken Møre 25.000 kroner.

– Sjølv om det kostar, vel vi å gjere det på lovleg vis. Då slepp vi å sjå oss over skuldra heile tida, og kan bruke både logo og marknadsføre førestillinga, seier Rogne.

I år er det ho som har omsett manus frå engelsk til nynorsk. Tidlegare har dei betalt tre prosent for omsettinga til bokmål, og så har dei sjølv måtta omsette vidare til nynorsk.

Tvillingar i hovudrollene

Tvillingane Kari og Knut Nyhus Aksnes (15) er to av dei om lag 40 ungdomane som er aksjon i Aladdin. Dei har hovudrollene som kjærasteparet Aladdin, fattigguten som finn den magiske lampa, og sultanen si dotter Jasmin.

– Det kan vere litt travelt å skulle spele mot kvarandre, men det går heilt greitt. Vi kjenner kvarandre så godt, det hjelper, seier dei to 15-åringane, som også får hjelp til songdelen av rollene, av pappa som er kordirigent.

I år er premieren i UL Fram-huset på Rogne fredag 22. juni, med ny førestilling 24. juni.

26. august kjem dei til ID-huset i Brattvåg, og 2. september til Parken kulturhus i Ålesund.

– Kvar er det mest spanande å spele, heime eller ute?

– Vi er tryggare når vi kjem til Ålesund, då har vi hatt premiere og gjerne spelt førestillinga eit par gonger. I Parken kulturhus er det betre plass både på og bak scena, alt er meir profesjonelt. Det er også kjekt, meiner Knut.

Går inni ei boble

I fjor var dei tre leiarane i London for å sjå på musikalar, og bestemte seg for Aladdin.

– Sidan har det kverna og gått. Du går inn i ny verd og der blir du til førestillingane er ferdige. Kvar musikal krev sine kostyme. I Aladdin skal det vere fargerikt og eksklusivt, men ikkje så kraftig at det tek luven frå det som skjer på scena. Det skal vere heilheitleg og godt å kvile auga på.

– Vi satsar stort på gjenbruk, brukar ting vi har heime og ber om bidrag frå folk vi kjenner, seier Linda Nogva Vedeld, som har ansvaret for både scenografi, kostyme og danseinstruksjon.