Set opp sin fjerde Disney-musikal

Manar fram magien med «Aladdin»

«Annie», «Oliver Twist» og «Skjønnheten og Udyret». UL Fram på Skule/Flemsøy satsar stort og trekker fulle hus, både ute og heime. No skal 1001 Natt tryllast fram i lagshuset Framtun.

Musikalsk eventyr Fredag 22. juni er det premiere på musikalen «Aladdin» i UL Fram-huset på Longva. 26. august spelar dei i ID-huset i Brattvåg og 2. september i Parken kulturhus i Ålesund. Rundt 40 aktørar i alderen 12–16 frå juniorgruppa i UL Fram er i aksjon.  Foto: Marius Simensen

Kultur

Den store sidesalen er fylt med kostyme, symaskiner, strykebrett, foreldre som fiksar og ungdomar som skiftar.