– Kring 180 skyttarar deltok i dei fire dagane vi hadde stemnet. Dei tre fyrste dagane var det strålande sol, medan tåka plaga oss sundag då vi måtte utsette skytinga i to og ein halv time, fortel Finn Atle Oldeide i Sykkylven Skyttarlag.

Oldeide var stemneleiar under eit arrangement som samla skyttarar frå Møre og Romsdal.

Medan Nordmøre vann lagskytinga for ungdom og Romsdal sigra i seniorklassa for lag, dominerte Sunnmøre fullt og heilt individuelt.

Fivelstad slo til

Ivar Fivelstad frå Sunnylven Skyttarlag slo til med heile 246 poeng etter 25 skot. Han hadde serien 50-50-49 på 15-skoten, som sjølvsagt er eit resultat heilt i noregstoppen. Før han følgde opp med 97 poeng på grunnlaget (tre skot ståande, tre skot kneståande og fire skot liggande i ein serie). Vanlegvis avgjerast det heile med ein omgang på ti skot liggande, men det vart ikkje mogeleg for klassane 3–5 å gjennomføre omgangen sidan tåka vart for tjukk utover sundagen.

Fivelstad vann føre Terje Nisja, Sunndal, med 245 poeng, medan Trine Ramsvik Stette, Engesetdal/Skodje, kapra 3.-plassen med 244 poeng.

Det må også nemnast at Fivelstad tidlegare i år vart landsdelskretsmeister i felt. Det er ein stor prestasjon å sikre seg begge desse titlane same år.

To gull til Langevåg

I dei yngre klassane tok Langevåg Skyttarlag like godt to titlar; Nora Sæterøy Høybakk vann i klasse rekrutt med 347 poeng, medan klubbkollega Ola Johan Dybvik med 350 poeng og fullt hus vann eldre rekrutt.

I klasse junior vart det heimesiger til Andreas Riksheim Oldeide frå arrangørlaget Sykkylven, også han med full klaff og 350 poeng. I klasse eldre junior gjekk Daniel Blindheim, Engesetdal/Skodje, til topps.

Midt/Norsk og LS

Det nærmar seg årets høgdepunkt for skyttarane; Landsskyttarstemnet (LS).

Som i år er lagt til Stjørdal i Trøndelag. Stemnet varer i ei veke, frå 3. til 10. august.

Men før den tid er det midt/norsk meisterskap for kretsane i Møre og Trøndelag. Meisterskapen er lagt til Romsdal og er fordelt på Malmefjorden i Fræna (baneskyting) og Kleive og Nesjestranda & Skåla i Molde kommune (feltskyting). – Dit kjem det rundt 3–400 skyttarar, seier Finn Atle Oldeide.