Forholda for sterke tider var nær ideelle ved start, men før løparane nådde mål 776 meter over havet, møtte dei både duskregn og ein ganske sjenerande vind. Det vart ingen løyperekordar, men fleire løparar leverte nye personlege bestetider.

I klasse 23–39 år hadde heile sju utøvarar tider på 45-talet eller betre. Også vinnaren av M 17-22, Jonas Hesthaug frå Eidsdal IL, hadde sterke 45.36. Kvalitetsmessig av dei beste motbakkeløpa på Sunnmøre.

Bugge suveren

Johan Bugge frå Eidsvåg (bur i Molde) vart EM-vinnar i motbakkeløp i 2015. I fjor sette han rekord i Varden Opp med 40.02. Laurdag vann han igjen, denne gongen etter eit sololøp som enda med tida 40.58. Om 14 dagar spring han EM i motbakkeløp i Makedonia saman med fem andre norske utøvarar.

– Ei heilt grei gjennomkøyring før EM utan å måtte reise langt. Eg manglar litt på storforma, men håper få ut det eg er god for i EM. Der

er løypene meir variert enn her til lands. Sjølvsagt mest bakkar oppover, men også nedover.

Onsdag sette Marcus Megrund frå Valder løyperekord på fem kilometeren i sommarkarusellen i Ålesund (16.15), laurdag stod han på startstreken i Langevåg. Andreplassen frå 2017, då 5.50 bak Bugge, skulle forsvarast. Ganske nøyaktig halvvegs i løpet låg Megrund som nummer to, 1.40 bak Johan Bugge.

– Eg kjenner meg jaga, kommenterte Megrund til nokre tilskodarar langs løypa.

Jaga vart IL Valder sin flotte representant heilt til mållina. Men han vart nest best, ni små sekund føre Emblem IL sin Asgeir B. Rognstad (44.47). Og best av alt, avstanden til Bugge hadde krympa til tre minutt og 40 sekund!

Ingrid smilte

I fjor vart det svensk siger (Emelie Forsberg) i kvinneklassa i Varden Opp, med Ingrid Festø som ein god nummer to. Opp ein av dei brattaste bakkane kom brått fyrste kvinne, omkransa av mannfolk på alle kantar. Og smilande. Ingrid Festø frå Volda, sprang seg denne laurdagen 5000 kroner rikare, pluss heider og ære til klubben sin, IL Gular i Bergen. Ingrid brukte i år 52.02. Duoen Emma Johansson (52.22) og Audhild Bakken Rognstad (53.04), begge frå Emblem IL, kom deretter.

Her er det prestisje. Ikkje alle mannfolka likte å bli banka av ei jente, men Ingrid Festø slo mange av mennene på veg opp Sula. Og blid var ho heile løpet! Foto: Atle Hole Foto: Atle Hole
Over 120 kvinner og menn ut frå start i Langevåg sentrum. Løpsvinnar Johan Bugge frå Eidsvåg IL i svart, med startnr 35. Foto: Atle Hole Foto: A Hole