– Vi i styret har ikkje vedteke å legge ned. Så inntil vidare vil eg heller seie at arrangementet ligg i dvale.

Det seier Odd Johan Overøye, kunstnerisk leiar for Kyrkjehola kulturbeite i Stordal.

Dette har sidan 2000 vore ei sommarscene for profesjonell kunstformidling, vanlegvis med lokalitetar i Rosekyrkja, Nilsgardstunet og Dyrkornfabrikken,

Heilt frå starten har Kyrkjehola kulturbeite vore eit regionalt kulturprosjekt med heile Nordvestlandet som nedslagsfelt.

Etter eit nokså stort arrangement i 2014, tok arrangørane eit kvileår i 2015. Så kom dei tilbake i ei meir komprimert utgåve i 2016. Deretter har det vore stilt.

Manglar folk

– Vi har for lite menneskelege ressursar til å gjennomføre noko arrangement i sommar. Folk er opptekne på anna hald, og eg bur no her eg gjer, seier Overøye, som har adresse Trondheim.

– Det har vore godt besøk på arrangementa våre opp gjennom åra. Men alt har si tid, og vi har fått fleire andre festivalar i nærleiken, så det er blitt meir rift om publikum, legg Overøye til.

Viktig scene

– Kyrkjehola kulturbeite er ein frykteleg viktig festival, ikkje minst er det ein seriøs arrangør for oss musikarar som ikkje er så store namn at vi er på tv kvar kveld.

– Og for publikum sin del så trur eg dette har vore ein viktig stad der folk har fått oppleve musikk dei kanskje trudde at dei ikkje likte. Og så gjorde dei det likevel, seier Bøe.

Kyrkjehola har arrangert konsertar i både ei straumlaus kyrkje og ein nedlagd fabrikk.

– Det er artig og utfordrande med konsertar i lokale som i utgangspunktet blir sett på som umoglege, seier Odd Johan Overøye – og fortel mellom anna om storslåtte konsertar i Dyrkornfabrikken.

NB. Heilt stilt blir det ikkje i Rosekyrkja i sommar. På oppdrag frå kyrkjeeigaren, Fortidsminneforeninga, skal Kyrkjehola kulturbeite arrangere ein konsert her 29. juli.

På plakaten denne kvelden står Unni Boksasp med band.

Kunstnerisk leiar Odd Johan Overøye i den nedlagde fabrikken på Dyrkorn som er blitt nytta til ulike arrangement. Foto: Eskild Flydal
Knut Ivar Bøe frå Ørskog var festivalkunstnar under Kyrkjehola kulturbeite i 2011. Foto: Terje Engås