Volda og Herøy er mellom dei ti nominerte til å bli årets musikkommune.

Norsk musikkråd kårar kvart år ein kommune som har utmerka seg i arbeidet med å legge til rette for lokalt musikkliv. Kåringa tek utgangspunkt i kva for moglegheiter innbyggarane i alle aldersgrupper har til å delta i og oppleve musikk.

Kommunane er nominert på bakgrunn av Kostra-tal utarbeidd av Telemarksforsking.

Vinnarkommunen får ein sjekk på 50.000 kroner, som skal brukast til eit musikktiltak i kommunen. Norsk Tipping er samarbeidspartnar for kåringa.

Dei nominerte for 2018 er: Volda, Herøy, Kviteseid, Kvitsøy, Bø i Telemark, Os i Hedmark, Folldal, Frosta, Rendalen og Tynset.

I fjor gjekk prisen til Gloppen kommune.