– Smittevogna er ein del av Ålesund si helse- og sosialhistorie som er verdt å ta vare på. Fleire av dei store gjenstandane våre har lenge stått dårleg lagra, men her i det nye lagerbygget blir museumsgjenstandane langt betre sikra og tatt vare på for framtida. Lagerbygget er eit kvantesprang for oppbevaringstilhøva for musea på Sunnmøre, meiner Ivar Braaten.

Direktøren for Stiftinga Sunnmøre Museum står i den 730 kvadratmeter store lagerbygningen, som før helga vart offisielt opna av vareordførar Tore Johan Øvstebø.

Bygget ligg i den sørvestlege delen av museumsområdet mot Borgund kirke. Tidlegare fylkeskonservator, MNAL -arkitekt Jens Peter Ringstad, har teikna bygget som har kosta rundt fem millionar kroner – finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Sparebanken Møre.

Tilpassa miljøet

– Bygningen er utforma og plassert slik at den glir diskret inn i det antikvariske bygningsmiljøet i området. Borgundgavlen er ikkje ein kva som helst stad, så det har vore viktig å ta omsyn til det unike bygningsmiljøet i området, fortel Braaten. Innvendig er hallen delt i to. Den eine delen har grusgolv, medan den andre har betongdekke.

– Her på grusdekket skal båtane stå, fordi dei treng høg fukt for at treverket ikkje skal sprekke, medan smittevogna, brannvogner, landbruksreiskap og andre større ting som bør stå turt blir plassert i betongdelen, forklarer Braaten og viser rundt i lokalet med god lufting, og skyvedør mellom avdelingane. Direktøren understrekar at det er ikkje berre Sunnmøre Museum, men alle dei tolv musea i Stiftinga Sunnmøre Museum, som får nyte godt av den utvida lagerkapasiteten. Men han legg ikkje skjul på at han ser fram til at den nye lagerbygningen skal avlaste museumsbygningar som til no er brukt som lager. Det gjeld mellom andre Opshaugløa frå 1863.

– Opshaugløa er ei fantastisk flott grindløe som fortener betre skjebne enn å vere lager slik ho har vore dei siste åra, meiner Ivar Braaten. Han siktar til den store grindløa frå Stranda, som no står på museumsområdet full av båtar, landbruksreiskap, brannvogner, stasvogner og andre gamle gjenstandar.

– Når vi får rydda og flytta alt som står her, er det meininga at løa skal brukast til utstillingar og andre formidlingsføremål. Vi har ikkje tatt stilling til heilt eksakt kva Opshaugløa skal brukast til, men vi ser for oss at løa blir ein plass der skuleelevar og andre kan søkje ly i dårleg vêr, og at det kan føregå ulike aktivitetar her, fortel museumsdirektøren som legg til at fjøsen i underetasjen lenge har vore i bruk som samlingsstad når barnehagar er på museumsbesøk.

– Kan det vere ein idé å fylle delar av løa med turrhøy, slik at byungar og tilreisande turistar kan kome hit for å hoppe i høyet? Det er ikkje mange stader det kan opplevast no til dags.

– Kven veit, kva vi kan finne på, men eg trur at høyhopping ikkje er så lurt med alle allergiane som florerer.

– Når blir Opshaugløa klar til bruk for publikum?

– Vanskeleg å tidfeste, for det er ikkje berre å flytte båtane og alt det andre som står lagra i løa inn i det nye lageret. No går vi i gang med å registrere, fotografere og konservere kvar enkelt gjenstand. Det kan ta si tid, men vi håper at Opshaugløa er rydda og klar til bruk når turistsesongen startar neste sommar, seier museumsdirektøren.

Langt og smalt og heile 730 kvadratmeter stor. Det måler den nye lagerbygningen. Foto: Staale Wattø
-Eit praktbygg som må kome til sin rett, meiner Ivar Braaten om løa som no er lagerplass til båtar og andre ting. Foto: Staale Wattø