Sunnmøre Museum:

– Smittevogna er ein del av Ålesund si helse- og sosialhistorie som er verdt å ta vare på

Den frykta smittevogna til lasarettet i Klipra er den første gjenstanden som er på plass i det nye lagerbygget ved Sunnmøre Museum. No skal Opshaugløa ryddast for båtar og reiskap, og etter kvart opnast for publikum.

På plass: Smittevogna til sjukehuset i Klipra frå 1907 er den første gjenstanden som er på plass i den nye lagerbygningen ved Sunnmøre Museum. – Vogna vart brukt til å frakte pasientar, som var smitta av spanskesjuke og tuberkulose, heilt fram til den vart gitt i gåve til Ålesund museum i 1939, fortel Ivar Braaten.  Foto: Staale Wattø

Kultur

– Smittevogna er ein del av Ålesund si helse- og sosialhistorie som er verdt å ta vare på. Fleire av dei store gjenstandane våre har lenge stått dårleg lagra, men her i det nye lagerbygget blir museumsgjenstandane langt betre sikra og tatt vare på for framtida. Lagerbygget er eit kvantesprang for oppbevaringstilhøva for musea på Sunnmøre, meiner Ivar Braaten.