Denne sommarveka har eit knippe anerkjente unge sunnmørsmusikarar vore i Ocean Studios på Giske og spelt inn juleplate.

Vokalist Siril Malmedal Hauge frå Langevåg, pianist Kjetil Jerve frå Ålesund, Sondre Ferstad (munnspel) frå Skodje, bassist Martin Morland frå Hildre og trommis Henrik Lødøen frå Brattvåg har fått mange spørsmål frå publikum på konsertane om dei har ei plate å selje.

På repertoaret står kjende amerikanske juleklassikarar som «Winter Wonderland» og «Let it snow», men med tekstar skrivne om til sunnmørsk, fortel Hauge. Dei handlar om sunnmørske forhold, som regn og sludd mangel på snø til jul, pinnekjøt og moltekrem. Eller å gle seg til jul.

Og her er norske julesongar som «Det lyser i stille grender, sunge på nynorsk.

Ein av songane på plata er ny, med tekst og melodi av vokalist Hauge.

Dei fleste av bandmedlemane har bakgrunn frå jazzlina i Trondheim, og alle har jobbar som frilansmusikarar.

– Men jazz er eit ord vi ikkje har lyst til å bruke om denne plata. Musikken her er veldig tilgjengeleg, på ingen måte mynta på noko eksklusivt jazzpublikum. Dette er leiken og lett tilgjengeleg musikk, med groove og soul.

Skriv gjerne at det er julemusikk med spennande arrangement av musikarar oppvaksne med sunnmørstradisjonar, som har lyst til å komme heim og gjere noko lokalt, seier Hauge.