– Eg gler meg til å vise fram alle dei nye, flotte endringane vi har gjort til publikum, fortel styreleiar Linn-Therese Sævik til Sunnmørsposten.

I tillegg til friske namn på rollelista, har Herøyspelet sett opp nye aktivitetar i tillegg til Kongens Ring. Barna får bryne seg på vikingleir med 20 ulike aktivitetar å velje mellom, og på laurdag blir det Kongens hagefest som forlenging av siste førestilling laurdag. Der blir det mellom anna bydd på levande musikk og gourmetgrilling.

– Dette er nye grep eg trur publikum vil sette pris på. Vi ønsker å vise Herøyspelet til så mange som mogleg, og då må vi ha fleire bein å stå på.

– Merker de behov i forhold til finansiering?

– Vi må vere i takt med alle andre aktivitetar som folk kan velje mellom for å vere eit reelt tilbod for folk. Vi prøver noko nytt i år, og er klar for å tenke friskt, seier Sævik.

Nye skodespelarar

Ho er også nøgd med årets skodespelarar, der det er fleire nye, profesjonelle ansikt.

– Det er veldig spennande og gøy. Det er kjekt å få med Eirik Risholm Velle frå Ørsta, som no kjem tilbake for å spele kongen. Han er heilt ny i Herøyspelet. Fredrik Steen har vore med tidlegare, men er i ei ny rolle i år. Vi får også ei ny og kvinneleg forteljarstemme i år, som blir Elise Nerø.

Bjørn Holum skal etter 27 år som forteljarstemme i spelet gå over til å vere skodespelar i staden. Dette blir altså ei rolle som går gjennom eit kjønnsskifte. Elise Nerø er kjend frå talentkonkurransen The Voice, og hadde nyleg konsert i Oslo saman med Jaa9 og OnklP.

Stor dugnadsånd

Heile 9.000 timar med dugnadsarbeid var loggført i fjor for å få spelet i stand.

– Heile spelet er drive på frivillig basis, og mange av oss er i sving heile året for å legge til rette. Det er fantastisk å vere med på eit frivillig arbeid som er større enn ein sjølv, og vi får betalt i smil, latter og gode opplevingar frå folk.

Etter eit noko skuffande publikumsantal i fjor, ser Sævik likevel optimistisk på oppmøtet i år.

– I fjor var det mykje regn, men vêrmeldingane melder strålande sol i år, så vi håper det kjem fleire.

Ny konge – nytt spel

I år spelast kongen av den profesjonelle skodespelar og ørsting Eirik Risholm Velle. Han meldte si interesse for å delta i spelet for rundt eit år sidan, og blei i år kontakta om han kunne tenke seg å bli med.

– Eg er jo frå Ørsta, så eg veit dei har heldt på veldig lenge. Det er ein stor produksjon med ei fantastisk dugnadsånd over seg. Eg har sett spelet eit par gongar, først som liten gut, og no om igjen i dei seinare år. Eg tenkte det ville vere ein fin jobb å ha i sommar som eg kan kombinere med å vere i Ørsta, seier Risholm Velle til Sunnmørsposten.

Velle er kjend som ein av dei tolv i storfilmen «Den 12. mann», og har i tillegg vore å sjå på tv-skjermen i «Heimebane» som Jan Krister Haddal. No blir han altså kong Olav Tryggvason.

– Det er veldig kjekt at eg får sjansen til å spele konge. Eg er kanskje litt ulik dei som var konge før, men det viser at dei tørr å tenke nytt og ikkje sette seg fast i det same sporet gong etter gong. Det er eit sunnhetstegn. Berre at det er ein ny i besetninga kvart år betyr at opplevinga av Herøyspelet vil bli ulikt for kvar gong.