«Kongens Ring»

«Middelmåtig vikingspel med nokre lyspunkt»

Årets Herøyspel inneheld vakker song og morosame trollkarakterar, men musikalen fenger ikkje.
Kultur

Vikingdramaet «Kongens Ring» baserer seg på forteljinga om Unn den fagre som har blitt røva av rebellen Møre Karl og hans gjeng Herjungane, ei røvarbande som herja i Herøy. Foreldra til Unn, Ragnar Herøyhovding, Inga og Unns festarmann er hemnlystne. Då Møre Karl og Herjungane kjem tilbake til Herøy med Unn, bryt dramaet laust.