– Kjenn på den tynne og fine silken! Topp kvalitet. Og sjå på kjolelivet kor fint stoffet gjer seg der. Og alle stroppene som er brukt er snorer frå fallskjermen. Judith Bech er ivrig når ho viser fram brudekjolen ho har designa og sydd av silkestoffet frå fallskjermen, gamle blonder, og tyll.

Designaren, som har atelier på Vatne, og deler Kraft-butikken med fire andre kreative damer i Ålesund, har lenge hatt stor sans for å bruke eldre stoff i kjolane ho kreerer. Stor var difor gleda då ho via ein kunstnarkollega fekk tak i fallskjermen som no er blitt brudekjole.

– Veldig kjekt at silkestoffet får leve vidare, og ikkje berre blir liggande gøymt og gløymt, seier Judith Bech.

– Og eg synest det er kjekt at fallskjermen eg har hatt liggande i eit skap på vaskerommet i årevis blir brukt til noko, seier Synnøve Norderval Birkeland.

83-åringen som bur i Volda, fortel at ho fekk fallskjermen av svigerfar sin for mange år sidan.

– Han fann den på stranda på Jæren ein eller annan gong etter krigen. Fallskjermen vart delt i to, – den eine delen fekk svigerinna mi og den andre delen gav svigerfar til meg, fortel Synnøve Norderval Birkeland som er glad for at silkestoffet no blir brukt i brudekjolar, og skjørt til eit barnebarn.

Utstilling

Kven som skal bere fallskjermkjolen som brud, er det ingen som veit enno. Før interesserte eventuelt melder seg skal Judith Bech stille den ut i Bakketunet på Bjørke saman med seks-sju andre brudekjolar ho har laga. Det skjer i samband med utstillinga «Historier om kjærleik» som opnar på søndag.

– Alle brudekjolane er i gammal stil, av stoff og blonder frå 1940- og 50-talet. Denne er laga av amerikablonder, fortel designaren og held opp kjolen ho har sydd saman av tre ulike blondekjolar.

– Kjolane kom til Norge med amerikabåten ein gong på 50-talet, og er blitt omsydd fleire gongar før eg har designa kjolen på min måte, seier Judith Bech som har lagt ned mange timar med handsaum for å få tyllroser, nupereller og andre dekorative detaljar på plass i kvar av brudekjolane.

Kjærleik som tema

Med utstillinga «Historier om kjærleik» opnar Bakketunet sin 9. sommarsesong med kunst- og handverksutstillingar i kvar av dei seks bygningane i tunet.

– I mai i år vart det for første gong arrangert Bygdepride i Volda/Ørsta, og inspirert av denne hendinga er mangfaldig kjærleik tema for årets sesong i Bakketunet, fortel Marita Bett Aakre.

I tillegg til Judith Bech er Trine Isachsen, Henrik Koppen og Renate Synnes Handal årets hovudutstillarar. Saman skal dei fylle Bakketunet med teikningar, installasjonar, tekstilarbeid og performance.