– Vi er strålande fornøgde med vekst i publikumstalet, med veret og med utviklinga av spelhelga, seier styreleiar Linn Therese Sævik i ei pressemelding.

I bakhagen på Herøy Gard hadde dei 200 gjestar, levande musikk og mat.

– Dette var så vellukka at vi har lyst til å gjere dette neste år òg.

9.000 dugnadstimar

«Kongens Ring» vart i år vist for 27. år på rad. Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opna spelet og kommenterte mellom anna dei 9000 dugnadstimane som ligg bak kvart einaste år når spelet skal arrangerast.

– Det er ein formidabel innsats som blir lagt ned kvart år, og som er ikkje mindre enn imponerande. De har også lukkast i å skape ei merkevare som går langt utover lokalsamfunnet sine grenser, og dermed er det også ein viktig økonomisk verdiskapar i lokalsamfunnet.