Gapskratten Revyfestival i Tresfjord er i gang. Torsdag vart dei første innleiande kvalifiseringane haldne.

I dag fredag, er det klart for fleire kvalifiseringsrundar – før det blir finale laurdag kveld.

Når ein meir fornem festival årleg går av stabelen på andre sida av Romsdalsfjorden, har dei ein «Artist in Residence» som gjennomgangsfigur.

– Vi har vår eigen stil, og har difor ein «Gaptrast i gjønåtrekk». I år er det Roy Aron Myklebust, forklarer festivalsjef Bjørn Inge Olsen.

Ulike karakterar

Myklebust er til dagleg journalist, på fritida humorist. Då får han folk til å le, ikkje minst takka vere dei ulike karakterane han har bygd opp gjennom åra som humorist.

Publikum på Gapskratten i helga skal få møte fleire av dei.

Revyfestivalen i Tresfjord blir arrangert anna kvart år. Dette er 12. gongen. I år er 21 grupper tekne ut til å delta.

– Dei fleste kjem frå Nordvestlandet og Trøndelag, fortel Olsen.

Vi tek oss plass til å nemne alle: Skøye Teaterlag, Sanderevyen, Selbustrands Ungdommelige Skuespillere (SUSSP), Vestnes Kulturskule, Tresfjord Ungdomslag, Romsdalsnes revylag, Helt Johan, Lånkerevyen, Humorutvalget, Otterøen revylag, Johaugrevyen, Vestnes teaterlag, Raumarevyen, Teaterlaget Håssåsig, Ørland teaterlag, Grimsbu teaterlag, Grilldressgjengen, Dimnarevyen, Kvitter fra Knotten, Fedje teaterlag, Æn de Hottmeikers.

Mykje tull og tøv, med andre ord. Men onsdag denne veka var det også alvor:

– Då var det høgtideleg opning av Jensbu, ei laftehytte oppe på toppen av fjellet Storskorkja, fortel Bjørn Inge Olsen.

Hytta er kalla opp etter revyvennen Jens Rønning frå Stjørdal, som omkom på dette fjellet i 2002.

Broren Lars Rønning stod for den offisielle opninga.

Hytta, som er bygd av ein ivrig dugnadsgjeng, vil vere open for alle turgåarar, og utsikta herifrå er upåklageleg – der ho kneisar 861 meter over havet.

– Karane har ikkje berre bygd hytta, men også laga ein flott sti opp til den, legg Olsen til.

Høneslepp

I tillegg til ulike sprell frå scenekanten, skal det også haldast ulike kurs, VM i Ridderostcurling, Gapskrattur, dans – og ikkje minst det tradisjonelle hønesleppet i elva. NB. Fuglane er av plast.

Gapskratten er dessutan kvalifisering til NM i Revy under Norsk revyfestival på Høylandet.