(Møre-Nytt) Trandalblues leverte varene for 11. gong i helga. Først fredag, med Silo på løda, Amund Maarud, som truleg leverte dei beste gitarriffa Hjørundfjorden nokon gong har sett, ifølgje sikre kjelder på Trandal, norsk-amerikanske Adam Douglas, nesten ørsting etter ei tid i bygda, og til slutt amerikanske Stacie Collins.

- For eit fantastisk publikum. Og for ein stad å spele. Dette er definitivt på topplista mi over stader eg har vore. Det er som ein draum, sa Adam Douglas til Møre-Nytt, etter å ha teke imot jubel frå "stinn brakke" på Trandal.

Og det til trass for at han skal ta turen til Rockefeller i september.

- Ja, Rockefeller og Trandal. Det er vel nesten på linje det, seier han og ler.

Han har vore på Trandal tidlegare også, men karrieremessig har han teke av sidan den tid. I år var det Adam Douglas som var det store trekkplasteret fredag- med soul- og funkbandet sitt High Red - med full blåsarrekke.

Han tok turen eksklusivt for Trandalgjengen og arrangøren Bratt og Blått.

Med dei ni banda som var på Trandal i helga, har det totalet talet på band som har spelt under festivalen, passert sytti.

Laurdag spelte The Red Rooster Blues Band, Reidar Larsen, danske Mike Andersen, amerikanske The Welch Ledbetter Connection og Peer Gynt Band.