(Mørenytt): I august går Runar Gudnason, Bård Aasen Lødemel og resten av bandet nok ein gong på scenene i Oslo, Bergen, Ålesund og Nordfjordeid. Sjølv om den siste plata deira kom ut i 2013, er interessa stor for billettar til Side Brok-konsertane. I Oslo vart dei nøydde å sette opp ein ekstrakonsert, då billettane forsvann etter kort tid. Det gjorde dei også på ekstrakonserten.

– Vi har nok aldri vorte heilt ihjelspelt. Vi har lege under overflata heile tida. Og så har vi hatt nokre års pause frå å spele konsertar. No var det på tide att, seier Runar Gudnason.

Musikarar

For fire år sidan, flytta han til Digernes, etter å ha budd i Danmark i nitten år. I helga kom også sambygdingen Bård Aasen Lødemel på besøk, frå Bergen. Når dei møtes, går praten om musikkproduksjon. Dei to har alltid vore frontfigurane i Side Brok, men har hatt kvar sine prosjekt på sida. Gudnason som kreativ altmogleg-frilansar, og «Skatebård» som internasjonal electronica-DJ.

Om nokre veker, samlar dei altså Side Brok att, og dreg på miniturné. Dei har heile tida hatt den originale bandsamansetninga, pluss eit par til.

Tidleg med dialekt

Gjennombrotet kom i 2003, då songen «1, 2, 3, fyre» gjekk som ein farsott på fjernsyn og CD-spelarar. Sidan har dei med jamne mellomrom dryppa heile plater, singlar, og mikskassettar til publikum.

Men kva gjorde at dialektrap frå to «bygdisar» slo an over heile landet?

– Vi var nok forut for vår tid, med utprega dialektbruk og elektronisk musikk, noko som har vorte meir populært i seinare tid. Då vi starta, rappa folk stort sett på engelsk. Til naud på oslo-dialekt. Det var berre nokre få andre som rappa på dialekt. No er det heilt vanleg, seier Aasen Lødemel.

Lagar det sjøl

Når Runar og Bård lagar songar, skjer det stort sett frå studioa dei har heime. Så sender dei materialet til kvarandre via internett.

– Frå og med HOVDEBYGDA-plata, har vi ikkje vore i vanleg studio. Eg har laga meg eit lite studio på loftet på Digernes. Bård og andre som leverer beats til Side Brok og Sirkel Sag, leverer dei til meg, så sit eg og arbeider med det, arrangerer og speler inn vokal. Så sender eg det til Bård, som miksar det. Vi har laga mange plater i studio, der vi har prøvd desse tinga så mange gongar at det no fungerer å sitte på kvar sin kant, seier Gudnason.

– Musikken vår er nullbudsjett og heimelaga, men det vert bra. Det er mest idear og dugleik som tel no til dags, seier Aasen Lødemel.

Ikkje fleire plater

På spørsmål om det kjem fleire plater frå Side Brok, er svaret nei. Det vert for omfattande. Men dei lovar drypp av nye songar med tid og anna. Ingen veit kva framtida vil bringe.

– Vi veit like lite som vi alltid har gjort. Vi har aldri tenkt særleg langt eller planlagt mykje. Får vi lyst å lage musikk, lagar vi det og gir det ut. Så håper vi folk vil høyre på det. No er fokus å spele gode konsertar i år, kanskje gje ut eit par låtar, og Sirkel Sag skal gje ut ein EP om nokre månader. Då vi først starta, var det fordi det var kjekt. Vi tek eitt år i gongen. Kanskje sluttar vi ein dag, eller kanskje held vi fram til evig tid. Vi har heilt medvite aldri lagt opp, seier Gudnason.

Sirkel Sag

Eitt fenomen som har fått stor popularitet i det siste, er «Sirkel Sag», ein utbrytarkarakter frå Side Brok. Sag er bonde på dagtid, rappar på natta, bur i Åmdalen, og er ein politisk medviten livsfilosof med dystre undertonar. Songane hans nærmar seg 1,5 millionar avspelingar på Spotify. Sirkel Sag har vore med på alle albuma bortsett frå «Ekte Menn», men tok først for halvanna år sidan steget ut og gjekk solo.

– Sirkel Sag har vorte kjempepopulær. Han har berre nokre få låtar, og han speler aldri konsertar åleine. Men folk vil ha han, så han har fått meir å gjere.

– Kvifor har han vorte så populær?

– Han er ein original person som mange set pris på. Tekstane er veldig personlege og dystre, samstundes som det er vittig. Nokre tenkjer at alt han seier er sant, medan andre trur han tullar. Det ligg nok ein merkeleg plass i mellom. Folk kjenner seg att i han. Folk flest bur ikkje i Oslo, poengterer Gudnason.

– Sirkel Sag trefte tilfeldigvis ein nerve i folket, i og med at han kom på bana samstundes med reformene til storting og regjering, med samanslåing av fylke og kommunar. Han snakkar litt på lag med folket, meiner Aasen Lødemel.

Stor i ut landet

Bård Aasen Lødemel går også under artistnamnet «Skatebård», både i Side Brok, og når han er på spelejobbar ute i verda. Ikkje alle er klar over det, men Aasen Lødemel har vorte ein ganske stor internasjonal artist.

– Det vert ein eller to spelejobbar kvar helg. Elles går det med nokre dagar med reise, og kontorarbeid på kvardagane. Det har vorte ein fulltidsjobb, seier han.

Musikken er techno/house, og favorittsjangeren: Italo disco. Til dels smale, men likevel populære sjangrar.

– Ei 12-toms plate eg gav ut for tolv år sidan, «Conga», er det mange som spør etter, men ho er ikkje råd å få tak i lenger. Eg hadde ti eksemplar ståande på Mix i Ørsta før. Eg selde då eitt einaste eksemplar, som syskenbarnet mitt kjøpte. Etter eitt år, var eg og henta dei ni som stod att. No går platene for to tusen kroner stykke.

Denne saka blei først publisert i Mørenytt.