(Møre-Nytt) Åshild Blindheim og Ingrid Hagen er på Indiefjord på Bjørke for femte gong. Dei har vore med alle åra det har vore festival, inst i Hjørundfjorden.

– Det er ikkje sommar utan. Vi er Indiefjord-veteranar, seier dei to.

Dei kjem frå Sula, men Blindheim har hytte på Leira.

– Hytte med sovesal, seier ho og ler.

– Vi ligg stua på loftet. Vi er mange som vil få med oss dette.

Rørt

Midt blant publikum ved utescena i Bakketunet søndag, sit festivalsjef Silja Haddal Mork. Ho er rørt. Måtte ta litt til tårene då ein av hennar favorittar, svenske Olav Antonson i Cocoanut Groove, spelte akustisk konsert.

– Dette har vore heilt overveldande. Ekstra rørande i år har det vore å sjå alle dei lokale som kjem til festivalen. Dette er jo ein sær festival, seier ho.

– Sær på den måten at eg har tenkt at musikkstilen er smal. Trudde eg. Men det ser ut til at det er fleire som set pris på melodisk musikk. Og så er det fint å sjå folk i alle aldrar. Rett og slett rørande.

Ho rosar familie, bygdefolk og samarbeidspartnarar for innsatsen dei legg ned.

– Dette er hektiske dagar, og vi har mykje på programmet. Folk har byrja å seie at programmet startar på «Indietid». For det er ikkje alltid vi klarer å starte alt når vi skal. Men det er kanskje litt av sjarmen.

Fleire hundre

230 gjester løyste festivalpass. Det betyr fullt hus, mellom anna på kveldskonsertane på ungdomshuset Haukly.

– Men langt fleire har vore her på dagtid. Fleire hundre, fortel festivalsjefen.

Ho får også ros for arbeidet ho gjer med Indiefjord.

– Silja har eit nettverk vi ikkje har sett maken til. Ho kjenner til, og får tak i, heilt unike skattar innan musikk. Det er fantastisk. Kvar skulle vi elles få oppleve dette? At heile verda kjem til Bjørke, det er spesielt å oppleve, seier Blindheim og Hagen.

– Og musikarane kjem hit av eiga fri vilje og på eige budsjett. Det gjer også noko med stemninga. Her seinkar vi skuldrene og berre er. Vi klarer eigentleg ikkje å beskrive vår oppleving av dette. Sørvisen er topp. Alt er bra!

Meir Indiefjord

På programmet stod alt frå lokale Stig Ulv, med konsert i Bjørke kyrkje, til fossevandring, ølsmaking, besøk til Haula Vingård på Viddal, verdas nordlegaste vingard, utstillingar, waacking-dansekurs, mjødkrå, konsert i Notanaustet, disko, pub, yoga, og konsertar i hopetal. Alt nøye fordelt over to dagar.

Festivalsjefen er trøytt og sliten, men glad og nøgd. Det gjer noko med deg, når verda kjem til Bjørke, og når festivalen i tillegg vert omfamna av både bygdefolk og tilreisande.

– Då vert det vel Indiefjord 2019 også?

– Det må vel det. Det er vanskeleg å slutte med dette når vi kosar oss så veldig! seier Silja Haddal Mork.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.