– Malakoff har blitt ein «kickstartar» for Eid

Rockefestivalen med mange tusen besøkande gir kroner i kassa for lokalt næringsliv på Eid. Men Malakoff er mykje meir enn det.

Fleire tør: - Malakoff gjer at fleire tør å satse på Eid, seier Kathrine Kvalheim Osnes, her med Jonathan (6), Sebastian (5), Theodor (9) og pappa Frode. Litt kliss blir det når ein et godteri på festival.  

Malakoff gjer at fleire tør å satse på Eid

Kultur

Det meiner i alle fall ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) i Eid kommune. Kvart år trekk rockefestivalen fleire titals tusen besøkande til kommunen som elles har knappe 6.000 innbyggarar.