Det seier Sigmund André Bakke, som visstnok er ein litt uoffisiell camp-general på teltplassen som tel 45 sykkylvingar i 14 telt. Når Sunnmørsposten er på staden er ikkje alle 45 på plass, men det er likevel overveldande folksamt og kaotisk – og festivalstemninga skal det ikkje stå noko på.

Bildeserie: Sjå blinkskudda frå Malakoff her

– Det her har jo blitt årets samlingspunkt. Her er jo alt frå black metal til pop, så her er noko for ein kvar smak. Då er det lett å samle mange, seier Bakke, som sjølv er fan av metall, noko som sjølvsagt synast på outfitten.

– Mange av oss studerer og bur rundt omkring. Det er nesten enklare å møtast på festival enn heime, eigentleg.

Gult er kult: Sunnmørsposten fekk ikkje notert namnet på desse to karane i banandrakt i farta, men dei høyrer visstnok til blant sykkylvingane. Foto: Sofie Svanes Flem

– Vi kjenner vel eigentleg alle, seier Christian Hellebostad, som er med for tredje gong.

Medan Kanutte Sørgård er debutant på «Camp Fånaneåt».

– Kva kjem eigentleg namnet av? spør vi.

– Eg veit ikkje, seier debutanten, og diskusjonen er i gong.

– Det du vil det skal bety!

– «Å få na ne åt», kan vere å få ned ein øl, å slappe heilt av. Eller køyre rånebil, kjem forklaringane.

– Du kjem heim, sit ned i sofaen og får ned ei øl, seier Christian.

- Fint på Eid: - Det er fint på Eid, seier Jan Gunnar Bakke, med Jørgen Garli. Men finare enn Sykkylven? Nei, der går grensa! Foto: Sofie Svanes Flem

Og på Camp «Fånaneåt» ordnar det meste seg.