– Det var heilt rått! Det var så fullt at dei ikkje kunne sleppe inn fleire folk foran scena. Å kome heim igjen og spele og bli tatt så godt imot er veldig rørande, seier Jon-Fredrik «Joffen» Hopland til Sunnmørsposten etter konserten.

– Eg hadde masse familie og venar der også, så det var veldig kjekt å sjå dei igjen. Det er det beste publikummet vi nokon gong har hatt trur eg. Ein fantastisk starte på ein fullpakka sommar og haust!

Det blei så fullt under Lemaitre at arrangørane ikkje kunne sleppe inn fleire folk foran scena. Foto: Jostein Vedvik

Bestemte seg som 15-åring

Når han laurdag kveld spelte på Malakoff med elektronika-duoen Lemaitre, var det ti år sidan sist han spelte på festivalen.

– Eg spelte på Malakoff då eg var 16, men det var ikkje inne på festivalområdet, men på ei scene inne i sentrum for kanskje 50 stykk, sa han før konserten.

– Eg spelte jo masse på UKM då eg var yngre, og nesten kvart år var fylkesmønstringa på Eid. Så det er jo ei kjensle av ein fullendt sirkel.

Men allereide då, som 15-16-åring, hadde han bestemt seg for at han skulle reise til LA og spele trommer.

– Eg var heilt bestemt, seier «Joffen».

– Hovudgrunnen til at eg har kome dit eg er i dag, er at eg ikkje hadde eit anna alternativ. Så eg har blitt tvungen til å gjere det bra.

Samstundes er han veldig sta og tolmodig.

– Dei gongane der alt skulle tilseie at eg burde gi opp og flytte heim, har eg berre pusha enno hardare. Heile verda er jo imot deg. Ingen vil at du skal lukkast som musikar, bortsett frå mora di. Du har få odds med deg.

Artistvisum i USA

For fem år sidan drog ungguten til Los Angeles, der han studerte ved Musicians Institute i Hollywood.

Ting såg ut til å gå vegen for stryningen og bandet «Raw Fabrics». Dei turnerte i USA, opna for Chavelle og spelte inn låtar med kjente produsentar. Så kom nedturen.

– Bandet vart splitta opp. Dette var alt eg hadde gjort i to-tre år og eg hadde lagt all min energi i det, og plutseleg satt eg der utan noko, seier Hopland, som seier at dette var det næraste han var ved å gi opp draumen og flytte heim.

Han la ut annonsar på craigslist (tilsvarande finn.no) og ringde folk han hadde møtt. Etter to veker ringde ein manager som hadde sett annonsen, og ville ha han med på turné.

Og så vart han, via lydmannen til det førre bandet, introdusert for norske Lemaitre som nett hadde flytta til LA og trong ny trommis.

Speler over heile verda

No frilansar han som trommis, og i tillegg til Lemaitre sjonglerer han tre-fire andre band.

– Det har gitt meg regelmessig arbeid som gjer at eg har greidd å leve av å berre spele trommer dei siste to-tre åra, seier Hopland.

Med dei ulike banda har han i det siste vore på turné i både Europa og USA. I haust skal Lemaitre til Asia, før det står att ein ny Europaturné og USA-turné mot slutten av året.

Av og til saknar han likevel kulturen i Norge, der folk er mykje ærlegare og meir direkte.

Heim for å ete vaflar og røykelaks

Han har nett fått eit nytt artistvisum for tre nye år, og blir verande i LA ein god stund.

– Målet no er å spele enno større og fleire konsertar, med fleire artistar, om der er tid. Eg har òg begynt å produsere ein del, og det er eit stort mål å bli god i produksjon, seier han.

Likevel reiser han alltid heim til Stryn eit par gonger i året - kvar jul, og elles tek han alltid turen om dei har spelejobbar i Norge. Heim skal han også etter Malakoff.

– Då skal eg gå på fjellturar, nyte frisk luft og naturen, ete vaflar og røykelaks, seier han.

– Kva forventningar har du til Malakoff?

– Eg har alltid veldig låge forventningar til alle konsertar eg gjer. Viss du har høge forventningar blir du ofte skuffa, men med låge blir du alltid superhappy. Men eg veit at Malakoff er ein dritkul festival, og at det kjem masse familie og venar frå Stryn, sa han før konserten.

For første gong sidan UKM-tida speler trommisen på heimebane, under Malakoff-festivalen denne helga. Foto: Biletet er henta frå Instagram-kontoen med Joffen sin tillatelse.