Laurdag er det klart for ei to timars vandring på Linge.

– Vi møtest ved fruktlageret nedi vegen. Her blir publikum møtt av ein kulturguide. Deretter blir det sju stopp, med historie, musikk, kunst, poesi, performance, mat og natur.

Med seg har han fått Elida Brenna Linge, kunstnar og fruktbonde på Linge, felespelar Ingunn Linge Valldal, turguide Inger Johanne Ruset frå Linge som jobbar i Norsk Ungdomslag, perkusjonist Øyvind Skarbø, opphavleg frå Stranda, biletkunstnar Karin Augusta Nogva frå Haram, forfattar Endre Ruset frå Molde og matkunstnaren Jarle Hoel frå Valldal.

Noriaki: Teseremonien med forfattar Endre Ruset (t.v.), Karin Augusta Nogva og kulturvandring-arrangør Stian Omenås, er eit godt innarbeida prosjekt. På Linge møtest dei igjen.

360-graders scenerom

Idéen til kulturarrangementet fekk han under ein festival i Moss, der han no bur. Då i ein urban og industriell setting.

– Ei fantastisk oppleving: Fellesskapet og kjemien ein får med dei andre som er med og går. Spenninga og forventningane rundt det å ikkje vite kor og når ting skjer.

– Skilnaden mellom scene og sal blir viska vekk, her er scenerommet 360 grader.

– Her kan du gå litt sakte for å nyte fjordutsikta ekstra lenge, eller kome først for å få inntrykka før dei andre, eller få ein god sitteplass, tipsar Omenås.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Eit drøymeprosjekt

Miksen av natur, musikk, performance, poesi, mat, te, vandring, historier og stille i vakre Linge med fjord, fjell, skog, frukthagar og gardstun, vil bli magisk, meiner han.

Då han vitja Gullaberget, det nye huset til Jarle Hoel i fjor, bestemte han seg for å ta ideen til Linge, med stopp i det nye huset.

Då Omenås la ned kulturfestivalen sin etter 10 år, var han mett av arbeidet med å vere festivalarrangør.

No har han fått att gløden.

– Ei slik kulturvandring er eit drøymeprosjekt for meg, og eit spanande og nytt steg på karrieren mi som kunstnar og kulturarrangør.

– Dette er eit konsept eg vil forske på og utvikle, og gjennomføre fleire gonger, både i inn- og utland, fortel Omenås.

Den anerkjende perkusjonisten Øyvind Skarbø har jobba saman med Stian Omenås i fleire år. Her er han på Lekerommet under årets Moldejazz. Foto: Maria Finnøy Fagervoll