– Mange er opptekne av vêret. men folk kjem nok likevel. Alle, iallfall sunnmøringane, har regnklede. Dessutan er det mange tak å stå under her.

Det seier Siv Astrid Erlandsen, medarrangør for årvisse Trandal Countryfestival som nok ein gong blir arrangert på Christian Gaard Bygdetun torsdag, fredag og laurdag.

– Kven er det som brukar å besøke festivalen? Er det dei same som var på bluesfestival på Trandal på forsommaren?

– Nokre av dei kjem nok igjen. Men vi har også vår eiga kundegruppe.

– Vårt publikum kjem frå heile landet, frå Kristiansand i sør til Nordland i nord. Ja, til og med frå Sverige kjem det folk, så det er ei ganske vidstrakt målgruppe vi har, legg Erlandsen til.

Nokre av artistane har også ein lang veg på jobb, ikkje minst Scott Southworth, som kjem heilt frå Amerika.

– Han kjem eins ærend frå USA for å spele hos oss. Og han har aldri vore i Norge før, heller.

Så dette er spanande for begge partar.

Dei andre på artistlista er Blue Shoes, J, A. Ytterland, Stine Nilsen med Hessy Band, Terje Iversen, Steff Nevers & G. Thomas – og ikkje minst Sivert Bjørdal med band.

Voldas eigen cowboy, landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), har også meldt sin ankomst. Han skal stå for opninga på hovudscena.

Linedance høyrer med, og for dei som ikkje kan trinna, så er det tilbod om gratis kurs både fredag og laurdag.

Det er eksklusivt å arrangere festival i ei veglaus bygd inne i ein vestlandsfjord. Men det har også sine utfordringar.

Publikum må nemleg kome dit sjøvegen.

– Vi har eigen camp her på Trandal, og det er båthamn. Dessutan går det ferje frå Sæbø og rutebåt frå Ålesund, listar Erlandsen opp.

Ein del av publikum kjem til å bu på Trandal. Andre skal bu på Sæbø. Det kjem til å vere mange bubilar begge stader, trur Erlandsen.

– Dei som skal overnatte her på campen på Trandal, bør ta kontakt på førehand, legg ho til.

Trandal er blitt bygd ut til å ta imot mange festivalgjestar. Det er bygd ny kai, nye toalett og dusjar – og her kan ein få kjøpt mat: mellom anna fisk frå fjorden og hjort frå fjellet.

Scott Southworth kjem frå USA for å opptre på Trandal. PRESSEFOTO Foto: Pressefoto
Steffen Lundemo, med artistnamnet Steff Nevers, skal også spele på Trandal i helga. PRESSEFOTO Foto: Pressefoto