– Han var ein vanskeleg kar, ein som lett kom i klammeri med folk. Og han brydde seg ikkje om dei var høg eller låg. Han rauk uklar med dei fleste.

Det seier Kåre Magne Holsbøvåg, som har skrive boka «Ole Alsing og Osen Jarnverk».

For Alsing var nemleg også ein industrigründar, som starta jarnverk i Osen i det som no er ein del av Molde.

Ein del av jarnmalmen henta han frå Fiskå i Vanylven og Berge i Herøy, for her fann han den beste malmen.

– Dette gjekk føre seg i 20 år, frå ca. 1760 til 1780, fortel Holsbøvåg.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Det er ikkje mykje ein veit om Alsing sine første 30 leveår. Men historikarane trur han opphavleg heitte Ole Helset, og var frå Averøya på Nordmøre.

Holsbøvåg reknar med at Alsing ville ha folk til å tru at han var dansk, og difor skifta namn.

– Han vart iallfall skrivekar i Trondheim, seinare fiskeoppkjøpar – og han begynte å føre sine første rettssaker. Det skulle det bli mange av etter kvart.

I 1743 vart han utnemnd til fut på Sunnmøre, og slo seg først ned på Magdevågneset hos lensmannen i Borgund. Seinare flytta han til Bjørkavågen i Sula.

Her braut det laust med konfliktar. Alsing krangla både med allmugen, borgarar og embetsmenn. Mange av konfliktane var alvorlege. Ja, nokre prøvde til og med å drepe Alsing.

Men det var ei heilt spesiell sak som gjorde at Alsing måtte gå av i 1775.

Han hadde nemleg flytta til Vestnes, og slått seg ned her. Og amtmannen slo fast at ein fut på Sunnmøre måtte bu på Sunnmøre.

Eit viktig tema i boka er historia om jarnverkseigar Alsing, eit verk som slett ikkje vart nokon suksess.

Ole Alsing har også fått omtale i historiebøker og leksikon. Ikkje som fut og verkseigar, men som ein vanskeleg ektemann.

Alsing hadde nemleg gifta seg med ei tretti år yngre trønderjente, dotter til ein forretningspartnar. Ho kunne ikkje fordra Alsing, og fekk innvilga skilsmisse i 1755, etter ni års ekteskap.

Alsing fann seg ny kone: Marie Langlo, lensmannsdotter frå Stranda.

Det finst ikkje måleri av Alsing. Så vi veit ikkje korleis han såg ut – anna enn at han brukte parykk, slik overklassen gjerne gjorde på den tid.

Kåre Magne Holsbøvåg har skrive bok om Ole Alsing. Utgjevar er Molde Bymuseum og Selskabet for Molde Byes Vel. Foto: Atle Grebstad Eliassen