Bok om Ole Alsing (1706–1780):

Sunnmørsfuten som krangla med høg og låg

Han kom i konflikt med dei fleste, også kona si. No har Kåre Magne Holsbøvåg skrive bok om den hata sunnmørsfuten Ole Alsing.

UPOPULÆR: Ole Alsing var upopulær, både som fut og som verkseigar. Denne teikninga frå boka illustrerer ei segn om då bonden Erik Bakkemyrå fekk nok og kasta futen på dør etter at Alsing hadde kravd meir trekôl til jarnverket. Bøndene var nemleg fortvilte over at skogane vart snauhogde på denne måten. TEIKNING: MARTIN STAVIK 

Kultur

– Han var ein vanskeleg kar, ein som lett kom i klammeri med folk. Og han brydde seg ikkje om dei var høg eller låg. Han rauk uklar med dei fleste.