I den nye filmen til sunnmøringen Pål Øie har Marø fått rolla som den store kunstnaeren si unge kone, Engel. Lindhardt spelar hovudrolla som den vaksne Astrup.

Bryllup

Henriette Marø er nett komen til Jølster. Det er hennar første opptaksdag på filmsettet til «Flammen over Jølster», og snart skal ho i sminka.

Så ber det rett i kykrkja. Året er 1907 og det er bryllaupet mellom Nikolai og Engel som skal filmast.

Ute ventar den danske stjerneskodespelaren, for nordmenn best kjend som  etterforskaren Henrik Sabroe.

Henriette er ganske spent.

Under lovleg alder

– Men om eg ser nervøs ut nå over å skulle spele mot Thure, så gjer det vel ikkje så mykje.

– Å skulle gifte seg 15 år, under lovleg alder, slik Engel gjorde det, med ein omstridt mann heile bygda hadde ei meining om, var nok ikkje sytalaust. Ho var nok bra spent ho også, seier Marø.

Mann og kone: Engel og Nikolai Astrup. Årstal ukjent.

Frå skrekk til kunst

Pål Øie sin dramadokumentar har vore planlagt lenge. Saman med produsenten Handmade Films In Norwegian Woods i Bergen har han jobba med prosjektet i tre og et halvt år.

Det har tatt tid å finansiere filmen, som no har fått 11,3 millionar i støtte, i hovudsak frå private sponsorar.

– Filmen tar for seg Astrups liv, frå A til Å. Det blei jo ikkje så langt, han døydde i 1928, berre 47 år gamal. Men Astrup var ein spanande kunstnar, som no har endeleg har fått eit namn ute i verda, 90 år etter sin død, seier Øie.

Filmregissøren, opphavleg frå Stranda, er mest kjend som skrekkfilmregissøren bak «Villmark og «Skjult». Men han er også svært interessert i kunst, og har tidlegare laga film om målaren Lars Hertervig.

Mangefasettert

– Astrup var eit svært reflektert og mangefasettert menneske. Han var svært oppteken av barndomen sin, og malte nesten berre frå barndomsbygda Jølster. Men han reiste rundt i Europa for å lære seg malerkunsten, og der han fann inspirasjon frå modernistane, fortel Øie.

Det var i Jølster han budde mesteparten av sitt korte liv. Her jobba han hardt for å brødfø den store familien sin, på den tungdrivne garden på Sandalsstrand.

Bygde veg, sprengde stein, sette opp hus og eksperimenterte med frø og plantar frå utlandet.

Filmar i jølster: Fotograf Sjur Aarthun, skodespelar Thure Lindhardt som Nikolai Astrup og regissør Pål Øie.

Kreativ

Ekteparet fekk åtte barn. Og Engel hadde også sitt eige kunstnariske virke, fortel Henriette Marø.

– Ho lagde både åkle og bunadforklær, med nye mønstre og eigne vriar. Ho og måtte ha ei sterk kunstnarisk åre.

– Engel var elles ei sterk og bestemt dame, med brodd. Styrken fekk ho nok bruk for. Sjølv kom ho frå ei fattig bondeslekt, mens Nikolai var av embetsfamilie. Det var nok ikkje berre lett, sjølv om ho ikkje brydde seg om bygdesnakket.

Og då Nikolai døydde i 1928 sat ho åleine igjen med åtte barn.

Sterk kjærleik

Det har nok vore ein sterk kjærleik mellom dei to, trur Marø. Engel visste nok kva ho ville då ho sa ja til Nikolai, berre 15 år gamal.

– Det er ei flott kvinne eg spelar i denne filmen, som eg er stolt over å få gestalte, seier Marø, som spelar Engel frå ho er 14 til ho er 30 år.

Til Nationaltheateret

Ålesundaren blir å sjå i fleire roller denne hausten.

På Nationaltheatret i Oslo skal ho spele ein artig kylling i familiemusikalen «Ulven», basert på det kjende eventyret om ulven, geita og geitekillingane, nå med ny musikk.

Ho er også framleis med i tv-serien «Side om side», som kjørrer ny sesong i haust.

Skup: Den danske skodepelaren Thure Lindhardt, best kjend som Henrik i «Broen», skal spele den vaksne Nikolai Astrup.
Marø byrja opptak i Jølster i går. Arkivfoto: Staale Wattø Foto: Staale Wattø
"Flammen over Jølster" skal bli full av maleriske bilete. Foto: Poul Iversen, Handmade Films In Norwegian Woods