I løpet av nokre hektiske dagar blir det alt frå kystmarknad og måleriutstilling – til dans og familieshow med stuntmann.

Noko av det andre som står på programmet fram til søndag er festival-quiz, funballz for dei yngste på kaia, festivalpub, ope fotoarkiv hos Johan Ottesen, båtturar med Elias, losvandring med Knut Arne Høyvik – og trylleshow med Toto Magic og Miss Aurora.

Musikk blir det mykje av, det skal Kåre Jørve, Heimebandet, Rotlaus, Corsonus, Atle Remøy og Faculty of funk sørge for.

Det blir også sommarlesavslutning med forfattar Arnfin Kolerud, tivoli, Politiets dag, Ta sjansen, kaptein Blåtann kjem med sjørøverskuta si – og så blir det gudsteneste i Ulstein kyrkje.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet