Madrugada til Malakoff

- Utruleg stas, seier festivalsjefen.

Første artistslepp: Madrugada er første artist som er presentert for Malakoff 2019.   Foto: Knut Aaserud

Kultur

Malakoff har presentert den første artisten til festivalen neste år: Madrugada med frontigur Sivert Høyem i spissen.

- Å endeleg kunne ønskje Madrugada velkommen til Malakoff er utruleg stas, og gjev oss ein strålande start på årets bookingprosess, seier ein særs nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Bandet skal spele nokre festivalar i høve markeringa av 20-årsjubileumet til debutalbumet «Industrial Silence» - eit album som i 1998 gjekk rett inn på førsteplass på VG-lista.

I løpet av dei ti åra Madrugada eksisterte ga dei ut i alt fem studioalbum, der det siste - «Madrugada» vart starta på i 2007, same år som gitarist Robert Burås døde.

Bandet har blant anna mottatt Spellemannprisen fem gongar, Årets Spellemann inkludert.

Malakoff 2019 vert arrangert 18.-20. juli.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur