Stod øvst på ønskelista for Dei nynorske festspela:

Tiller blir festspeldiktar

Hadde det ikkje vore for nynorsken, tvilar Carl Frode Tiller på om han hadde vore forfattar i dag. Iallfall hadde han vore ein dårlegare forfattar.

TIL FESTSPELA: Hadde det ikkje vore for nynorsken, er Carl Frode Tiller (t.v.) ikkje sikker på at han hadde vore forfattar. No blir han den første festspeldiktaren Dei nynorske festspela har hatt frå Trøndelag. Programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik (t.h.) gler seg over å ha fått Tiller som festspeldiktar.   Foto: Gaute Øvereng, Dei nynorske festspela.

Kultur

Nynorsken gav Carl Frode Tiller sjansen til å bruke trønderdialekten i bøkene sine. No blir den kritikarroste forfattaren festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2019.