Kulturministeren var på besøk:

Operaen får 400.000 kroner ekstra

Operaen får 400.000 kroner ekstra for å gjennomføre «Fargespel».

Opera: Kulturministeren besøkte Opera Nordfjord og Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich i helga.  Foto: Pressefoto

Kultur

Det fortalde kulturminister Trine Skei Grande då ho besøkte Opera Nordfjord i helga i forbindelse med 20-årsframsyninga «La Bohème».

– Dette var ei svært gledeleg melding å få. Ei slik ekstraløyving betyr mykje for Opera Nordfjord når vi no går i gong med ei så stor, ny satsing som «Fargespel», seier operasjef Kari Standal Pavelich i ei pressemelding.

«Fargespel» er eit felles prosjekt med sju kommunar i Nordfjord og handlar om å skape møte mellom kulturar. «At barn og unge frå alle hjørne av verda får sjansen til å vise seg fram for kvarandre og publikum på ei scene. «Fargespill» vart starta i Bergen i 2004, og har sidan hatt oppsettingar i ei rekke større byar i Norge», heiter det i meldinga.

Opera Nordfjord held då den første framsyninga av «Fargespel» utanfor dei største byane. Nytt er også at framsyninga blir på nynorsk. Det er Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy, Selje og Bremanger som skal samarbeide med operaen.