Opera Nordfjord viser familiemusikalen «Annie»:

Sol strålar som Annie

– Eg prøver å vere like tullete og glad som Annie er i filmen, smiler Sol Alme Brendefur (13) som har den store og krevjande rolla som Annie i musikalen som Opera Nordfjord viser i helga.
Kultur

Fredag er ho klar for premiere på familiemusikalen Annie i Operahuset Nordfjord, saman med over 50 andre på scena.

– Eg gler meg. Det er dette vi har jobba lenge for, seier Sol som er klar for å opptre for fire fulle operahus i løpet av helga.