Nytt band klar for Malakoff

Det norske rockebandet Bigbang er klare for Malakoff 2019. Det stadfestar festivalen i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Bigbang skal igjen på turné og blir å sjå under Malakoff til sommaren. Her frå konserten dei hadde på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg i 2013.  Foto: Arkivfoto: Gry Støre.

Kultur

– Bigbang blir retteleg kalla eit av landets beste liveband, og det er i møtet med publikum at trioen verkeleg er i sitt ess, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i meldinga.

I meldinga heiter det vidare at bandet er «for deg som har svolte etter den eksplosive kjemien mellom band og publikum, som berre rockekaptein Græni og co kan levere. Du kan forvente deg eit folkekjært band som ikkje sparar på kruttet når dei no reiser ut for å presentere gamle og nye hits».


Sigrid opptrer på Malakoff

Ålesund-artisten Sigrid kjem til musikkfestivalen på Nordfjordeid neste sommar.

 

Bandet, som blei stifta i 1992, slepp sitt første album sidan 2013 på nyåret, og skal i samband med dette ut på turné.

Malakoff 2019 blir arrangert 18. til 20. juli og følgande artistar og band er allereie stadfesta:

Weezer, Madruga, Sigrid og Djerv.


Madrugada til Malakoff

- Utruleg stas, seier festivalsjefen.