Nynorsk kultursentrum fekk tidleg julegåve

Kulturdepartementet løyver 233.000 kroner til Nynorsk kultursentrum frå gåveordning.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er direktør for Nynorsk kultursentrum.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Kultur

Pengane kjem frå ei ordning der 25 prosent av gåvebeløpa institusjonen får frå private, vert gitt som tilskott.

– Dette gjer at gjestene våre på arrangement, festivalar, internett og i utstillingane kan få meir kunnskap og fleire opplevingar i 2019. Det er kjekt å få ei slik julegåve allereie før julaftan, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark til heimesida til Nynorsk kultursentrum.

Midla blir delte mellom avdelingane Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret og Allkunne.

I 2018 har Nynorsk kultursentrum motteke større gåver på til saman 933 780 kr frå Det Norske Samlaget, Fritt Ord, Norsk Forfattersentrum, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger.


Den nye direktøren i Nynorsk kultursentrum:

– Ålesund har aldri vore eit reint bokmålsland

 

Nye nynorskbrukarar i nye tider

Nynorsk kultursentrum er 25 år. Den viktigaste målgruppa er yngre.