Bokanmeldelse:

Flott bok – viktig kulturarv

Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar og journalist Eva Røyrane og det vesle forlaget Skald i Leikanger, har gjort ein kulturhistorisk innsats det står respekt av.

ALNES: Klyngetunet på Alnes på Godøya. Her er det faktisk framleis teigblanding mellom dei ni brukarane.  

Kultur

Klyngetunet. Den norske landsbyen

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Skald forlag 2018

Anmeldt av Aud Farstad

I 2014 kom boka Norges låver som vart ein uventa salssuksess. Ei flott bok full av informasjon og bilete av norske løer frå heile landet. I fjor kom den nydelege boka Av stein om bygg i stein, frå steingardar og hus til jordkjellarar. Og i år kom nok eit praktverk – denne gongen om klyngetuna.