Nynorsken kjem godt ut av bokåret 2019

Forbode salmar og skeiv nynorsk litteratur skal løftas fram i bokåret.

Klar for bokår: Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør ved Nynorsk kultursentrum. ArkivFoto: Terje Engås  Foto: Terje Engås

Kultur

– Dette er den første store lesekampanjen i nyare tid som også inkluderer dei vaksne. Bokåret skal fremme leselyst og leseglede for folk i alle aldrar. Det er naturleg at nynorsk språk og litteratur får ein sentral plass i ei feiring av norske bøker, som er ei feiring av bøker på mange språk. Den første trykte boka i Norge frå 1519 var på latin, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum i Ørsta.