Regissøren for Herøyspelet gir seg etter 27 år

Gerald Pettersen har vore regissør på alle utgåvene av Herøyspelet «Kongens Ring» sidan 1992. No seier han takk for seg.

Gerald Pettersen avbilda i 2018 på spelstaden saman med Elisa Nærø.  Foto: Herøyspelet «Kongens Ring»

Regissør Gerald Pettersen avbilda i samband med eit intervju med Sunnmørsposten i 2010. Han meinte då at vikingmusikalen «Kongens Ring» hadde utvikla seg mykje sidan starten i 1992.  Foto: Sunnmørsposten

Kultur

Det kjem fram i ei pressemelding frå Herøyspelet måndag morgon. Herøyværingen Gerald Pettersen bur i Bergen og jobbar på Den Nationale Scene, han har vore avgjerande for sogespelet som blir arrangert årleg i Herøy.

Han «har vore med på Herøyspelet sidan før det vart eit spel. Heilt frå den første idefasen har han vore med på å prege spelet som sidan 1992 har samla over 60.000 tilskodarar», heiter det i pressemeldinga.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Profesjonalitet

Pettersen takkar for seg etter å ha levert 108 framsyningar. Styreleiar i «Kongens Ring», Linn Therese Sævik, takkar regissøren for innsatsen.

- Gerald har med sin store kunnskap om teater og sin profesjonalitet pusha oss vidare, alltid på jakt etter utvikling og forbetring. Det er vemodig for oss når han no gir seg og det blir rart gå vidare utan han som har drage i trådane på det scenekunstneriske gjennom heile spelet si historie, seier ho i pressemeldinga.

Arrangerer hagefest og vikingaktivitetar i tillegg til «Kongens Ring»:

Herøyspelet fornyar seg

Herøyspelet kjenner seg klar for å tenke nytt. No har dei skaffa seg fleire bein å stå på.


Leiter etter ny regissør

Sævik fortel at dei nå er på jakt etter ein ny regissør, som skal styre dei om lag 200 aktørane som er med på scenen.

- Ja, det er noko vi aldri har gjort før. Men regissør skal vi finne, vi har alt starta på den jobben, og spel skal det bli, som alltid første helga i juli, seier ho.

«Kongens Ring»

«Middelmåtig vikingspel med nokre lyspunkt»

Årets Herøyspel inneheld vakker song og morosame trollkarakterar, men musikalen fenger ikkje.