Viser Widerberg-kunst i Ørsta

Volda og Ørsta Kunstlag sesongopnar med kunstnaren Nico Widerberg.

Utstilling: Kunst av Nico Widerberg blir vist i Ørsta. 

Kultur

Det blir utstillingsopning i laget sine lokale i Ørsta laurdag 2. februar. Utstillinga går fram til og med laurdag 23. februar.

I løpet av dei siste 30 åra har Widerberg hatt over 80 separatutstillingar, delteke på nærare 70 kollektive utstillingar – og hatt over 60 utsmykkingsoppdrag, både i inn- og utland.

Det er Nico Widerberg som har laga monumentet til minne om 22. juli-tragedien. Det er plassert slike minnemonument i 56 kommunar – mellom anna i Laguneparken i Ørsta.

På utstillinga i Volda og Ørsta kunstlag vil publikum få sjå grafikk, ein del mindre skulpturar – og nokre måleri.

Kunstnaren har ikkje høve til å vere til stades på opninga. Det vil derimot pianist Eirik Stave.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet