UKM i Vanylven

Tok «Supermammaene» med til UKM

Tre jenter malte bildet «Supermammaene» og tok det med på UKM Vanylven. Det vekte interesse.
Kultur

– Ja, det er mammaane våre, seier Birgitha Kristine Runde frå Ørsta. Ho laga bildet saman med Petrine Y. Sjåstad frå Syvde og Ylva Homlong frå Ørsta og tok det med til Olivinhallen på Åheim for UKM-utstilling.

Dei tre jentene går på kunst, design og arkitektur ved Volda vidaregåande skule, men bildet har dei laga på fritida, og dei stilte det ut bak namnet The Chamelions.