Gitarist Stig Ulv spelar inn si sjette plate live på Parken kulturhus søndag:

Gitarist Stig Ulv mista brått kameraten – sorga blei musikk

– Det var ikkje meininga at eg skulle gi ut seks plater. Utan han hadde eg aldri gjort det.

Mista kameraten: Gitarist Stig Ulvestad, som går under artistnamnet Stig Ulv, mista kameraten sin i 2010. Like før han døydde bad han Ulv om å satse på eigen musikk. Det var starten på karriera til gitaristen. Søndag spelar han inn eit live-album på Parken kulturhus. Foto: Svein Olav Humberset  Foto: Svein Olav Humberset

Kultur

Stig Ulvestad, som går under artistnamnet «Stig Ulv», snakkar om barndomskameraten som gjekk bort i 2010. Kort tid før han døydde bad han Stig om å stole på seg sjølv og satse på eigen musikk.

Stig Ulv frykta at ikkje alt var som det skulle då han kom tilbake til Ørsta frå eit jobbkurs i Oslo.