Sjå stor bildeserie frå UKM i Herøy

Laurdag ettermiddag var det UKM i Herøy. Deltakarar vi prata med kosa seg stort med å delta. Dei utelukkar heller ikkje at dei vil gjere det igjen.
Kultur

I underkant av 40 ungdom tok del i UKM-lokalmønstringa laurdag på Fosnavåg konserthus. Alle såg ut til å kose seg, både publikum og deltakarar på og bak scena. Då førestillinga var over tok vi ein prat med to av deltakarane som deltok.

Inda Saidi (12) vil bli profesjonell kunstnar

Den fyrste vi snakka med var ein ung kunstnarspire, Inda Saidi. Ho er 12-år og driv med teikning og måling. Under mønstringa viste ho fram to individuelle kunstverk, og også var bidragsytar til eit større felles-bidrag frå Herøy Kulturhus.