UKM i Hareid & Ulstein:

UKM leverte varene på strålande vis

Kultur

Det var store forventningar bygd opp mot årets UKM i Hareid & Ulstein. Ei rekordstor påmelding med heile 40 forskjellige sceneinnslag, i tillegg til kunstutstillinga gjorde at eit stort mangfald av talentfulle ungdommar fekk vise seg fram. Konferansierane Synnøve Rabben, Stine Longva Veddegjerde, Elise Bergseth og Sigurd Bigset losa oss gjennom programmet på både trygt og artig vis.