Herøyspelet:

Ny regissør av Kongens Ring på plass

Teateregissør og sverdkampinstruktør Jeff Pedersen tek over.

SPELEKLAR: Styreleiar Linn Therese Sævik og Jeff Pedersen, ny regissør for Herøyspelet.  Foto: Herøyspelet Kongens Ring

Kultur

Måndag kveld fekk styret og komiteleiarane i Herøyspelet Kongens Ring møte den nye regissøren.

Det er Jeff Pedersen, opprinneleg frå USA, busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane.

Der bur han saman med Idun Losnegård som er dotter til manusforfattar Rolf Losnegård.

– Eg har høyrt om Kongens Ring i tjue år, ler Pedersen, og no får eg altså sjansen til å vere regissør.


Regissøren for Herøyspelet gir seg etter 27 år

Gerald Pettersen har vore regissør på alle utgåvene av Herøyspelet «Kongens Ring» sidan 1992. No seier han takk for seg.

Det er ikkje det første utandørsspelet han skal prege. Han har vore regissør både for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet. Og no legg han også Herøyspelet til CV-en, opplyser Herøyspelet i ei pressemelding.

Etter møtet med Jeff Pedersen seier styreleiar Linn Therese Sævik at ho er spent og optimistisk før årets spel.

– Dette blir heilt nytt for oss. Det er klart at det blir annleis, men vi trur også at det vil skape nytt liv og ny energi både i spelet og i apparatet rundt. Vi gler oss, seier Sævik.