Molde Brass tilbake som Nordvestmeister

Molde vann brassdivisjonen framfor Tomra og Ørskog. Det er med andre ord om lag som det plar vere i korpsverda vår.

MELODISK: 15 år gamle John Sivert Frøystad frå Tomrefjord Skulekorps og Molde Brass Band trollbatt salen med sitt vare og nedempa vibrafonspel under festkonserten søndag. 

Kultur

I år tevla det berre to janitsjarkorps, og dei heldt seg praktisk nok i kvar sin divisjon: Vestnes vann såleis 2. divisjon, medan Sykkylven sigra heilt åleine i 1. divisjon.