To nye artistar klare for Malakoff

Fay Wildhagen og Girl in red inn på årets Malakoff-plakat.

Til Malakoff: Fay Wildhagen (t.v.) og Marie Ulven. PRESSEFOTO 

Kultur

Malakoff har tysdag offentleggjort to nye artistar til årets festival: Fay Wildhagen og Marie Ulven (Girl in red).

- Sjølvsagt måtte Fay og Marie spele på Malakoff til sommaren, heiter det frå ein godt nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Med dei to seinaste bookingane har Malakoff ifølgje meldinga offentleggjort 17 av 29 artistar.

Festivalen blir arrangert på Nordfjordeid 18.-20. juli. Frå før er mellom anna Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Highasakite, Bigbang og Danko Jones annonsert. 


Desse kjem til Malakoff

Det norske rockebandet Bigbang er klare for Malakoff 2019. Det stadfestar festivalen i ei pressemelding torsdag føremiddag.



Sigrid opptrer på Malakoff

Ålesund-artisten Sigrid kjem til musikkfestivalen på Nordfjordeid neste sommar.



Madrugada til Malakoff

- Utruleg stas, seier festivalsjefen.