FK Påskeferga skaper nye bølger i Sykkylven

FK Påskeferga i Sykkylven er klare med sitt årlege show.

SHOW: Geir Kvalvåg blir å finne på scena under FK Påskeferga-showet.  Foto: AtleHole

Kultur

Dei skal fylle Sykkylven storhall onsdag 17. april med nye sprell. Som vanleg står lokale humorkrefter i kø for å lokke fram latteren.

På plakaten finn vi både Geir Kvalvåg, Grethe Helen Tynes, Erlend Lunde, Jan Halvard Holmøy, Aina Kvalvåg Klokk, Christian Hellebostad, Petter Andre Aursnes, Magnar Kvalvåg, Sindre Hjorthol og Anders Hellebostad.

Dersom ein ikkje ler ein einaste gong i løpet av showet, så lovar arrangørane pengane tilbake. Musikk og song blir det rikeleg av. Husbandet Skabelon skal som vanleg i aksjon.

Det same skal bandet Hitstation frå Oslo. Sistnemnde skal stå for dansemusikken etter showet.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet