Molvær spelte for vener, familie og sambygdingar

Fredag spelte jazztrompetisten Nils Petter Molvær på Friheim kulturhus i Langevåg - men ikkje for fullt hus.

Konsert i heimbygda: Konsert på Friheim kulturhus med Nils Petter Molvær.  Foto: Maria Finnøy Fagervoll

Kultur

Fredag spelte Nils Petter Molvær i Langevåg for første gong på mange år. Både Molvær sjølv og dei andre som kjenner han er usikre på kor lenge det er siden - men det er i alle fall 15 år sidan sist han spelte musikk i heimbygda.