Trine Røssevold tilbudt jobb som rektor

Kunstnaren har fått tilbod om å bli den neste rektoren ved Ålesund kunstfagskole.

FEKK JOBBTILBOD: Kunstnaren Trine Røssevold.   Foto: Nils Harald Ånstad

Kultur

Biletkunstnaren Trine Røssevold melder om jobbtilbodet i ein Facebook-post.

Ho har vore tilsett som inspektør ved skulen sidan 2012.

Det inneber at ho har hatt ansvar for det faglege opplegget, samt oppfølging av både lærarar og studentar. Ho har òg hatt noko undervisning.

– Jeg har savnet en lavterskel møteplass som dette, mellom kunst, kunstnere og publikum

Hva skjer når kunstnere åpner dørene for publikum lenge før kunsten deres egentlig er utstillingsklar?


Røssevold er utdanna ved kunstskular i Skottland og Austerrike, og har hatt fleire kunstutstillingar.

Om ho takkar ja til jobben, vil Røssevold ta over stillinga etter Ragnar Johansen, som har vore rektor ved skulen sidan 1996.

Skulen vart etablert i 1989, og har vore fagskule sidan 2007.

Kunstnerfellesskapet Mottaket:

Kunsten å være + en dose fresko

Prosjektrom med arbeider av Bent Erik Myrvoll, Liv Dysthe Sønderland og Vilde Livsdatter åpent for publikum ut denne uka.