Maria klar for finalen i The Voice

Maria Engås Halsne klarte å kome seg gjennom eit nytt nålauge i songkonkurransen The Voice.

Finalist: Maria Engås Halsne frå Ålesund er klar for finalen i The Voice.  Foto: TV2

Kultur

Songtalentet frå Ålesund stod fredag kveld på TV2-scena og konkurrerte med fem andre.

Etter kveldens runde skulle fire gå vidare, og Maria Engås Halsne var ei av dei fire heldige som er klar for finalen i årets The Voice.

Mentor Morten Harket var begeistra over det han høyrde:

–Du er veldig musikalsk, Maria. Det er noko stort i deg når du syng, sa Harket.


Sunnmørshåpet lever videre i The Voice

Mentor Morten Harket valgte å ta med seg Maria Engås Halsne videre i sangkonkurransen.